|
Vi lottomillionerar og dei andre
|
|
Vi, lottomillionærar og dei andreLottomillionærar er ikkje som andre millionærar. Nei, sjølvsagt er dei ikkje det. Det er heilt innlysande: Millionærar har brukt langt tid, mange år, på å jobbe seg til ein god formue. Lottomillionærar har hatt flaks, ein gong. Det er da forskjell på folk. Noen er betre enn andre.Kjell Inge og gutane, som har jobba og slite i eit halvt liv, dei likar vi ikkje. Dei har luksusbilar, stor villa, hytte ved sjøen. Det vil vi også ha, men vi kan ikkje kjøpe det, fordi da kan vi ikkje være så misunnelege lenger. Og så har dei båt, hytte på fjellet og enda ein bil. Ein cab. Uff og æsj, vi unner dei det ikkje. Men lottomillionærar, dei treng pengane. Dei hadde flaks. Dei er som oss. Før dei vann, var dei som oss. Dei streva seg opp til arbeid og skole klokka seks om morgonen, fem dagar i veka og leverte inn Lottokupongen den sjette. Og kvilte på den sjuande dagen, etter fylla og hjemmebrenten kvelden før. Det er skikkeleg folk det. Og dei trengde Lottopengane, for dei har seks ungar, hund og ein gard midt på vidda. Vi les om dei i avisa og tenker: ”Ja, det fortente dei.” Og i same tanke tenker vi at: ”Til lørdag er det min tur.” Men vi unner dei pengane, det gjør vi. For sånne ”sossar” som trur at dei er noe, dei likar vi ikkje. Dei er overalt, og dei pratar i mobiltelefon så andre folk kan sjå det. Vi likar dei ikkje. Sjølvsagt har vi mobil sjølv, men vi veit betre enn å visa han fram. Folk som visar at dei har klasse og stil, det har vi lite sans for. Dei trur dei er betre enn oss, trur vi. Det likar vi ikkje. Æsj! Vi likar lottomillionærar, vi. Sånne som er på reklamen. Dei som kjem i ein buss full med møkk på festmiddag, det er godtfolk det. Eller ho som ligg i senga si langt oppe på sætra. Sånn skal det vere. Dei som luftar sauen sin i band er kanskje litt på kanten, men det er jo på TV, så det er sikkert bra. Nå visar vitskapelege undersøkingar at lottomillionærar ikkje forandrar seg så mye etter storgevinsten. Nei vel, tenker eg. Men det eg lurar på er: Etter at lottomillionærar har blitt lottomillionærar. Det vil si, før dei vann var dei jo ikkje millionærer, kanskje, men... Altså, det eg lurar på: Sluttar lottomillionærar å spele Lotto? Det må dei jo gjøre. Ja, for ellers så ville det jo være blodig urettferdig. Dei har jo fått sin del, og da skal dei ikkje være så grådige at dei vil ha meir. Bare andre millionærar er grådige. Og dessutan, hvis lottomillionærar ikkje slutta å spele, så ville det jo bli mindre sjanse for oss til å vinne, og vi skal jo også ha vår del. Sjølvsagt sluttar lottomillionærar å spele, dei er jo snille folk. Ja, lottomillionærar er snille. Har du kanskje hørt om ein lottomillionærar som ikkje gir bort noe av pengane sine? Nei. Dei er veldig snille, og dei gir bort ein tusenlapp til bøsseberaren som kjem på døra. Så snille er dei. Andre millionærar gir ikkje bort noe, dei er ikkje snille. Vi gir bort ein hundrelapp til barna i... Vel, vi veit ikkje heilt kor, men det går sikkert til noe bra. Vi kan ikkje gi bort meir. Det må vere nok igjen til å spele Lotto til lørdag også. Naboen hjelp ikkje barna med bøsser, det ser vi bak gardina vår. Herr Johansen bare slang igjen døra, og bøssebarna står trist tilbake. Vi veit ikkje kva Johansen heiter til fornamn, men fy for noen folk! Det vi veit, er at i neste hus, der bor det ein som vann femtitusen i Lotto for noen veker siden. Og hadde han hatt ein til rett, så hadde han vunni mye meir, for vi spilte også den veka og vann ikkje og... Men han er fortsatt ein av oss, for han vann bare femtitusen. Og han trengde pengane, for han fikk skadar på yachten sin etter førre jordenrundtreise. Men han er ein av oss, for han er ikkje millionær. Så det vi har, er altså eit skarpt inndelt samfunn. I tre grupper: oss og dei med meir pengar enn oss. Den siste gruppa er igjen delt i to: lottomillionærar og andre millionærar. Vi og lottomillionærar er snille, dei andre er slemme. Men vi er best. Vi klappar oss fornøgde på brystet, gode nordmenn som vi er. Vel, det er ikkje sikkert vi er nordmenn, men vi har da budd her lenge nok til å nesten være det. Lottomillionærane og dei andre millionærane er kanskje også norske, men det bryr vi oss ikkje noe om, fordi vi er best. Og andre bør ikkje komme her og tru dei er betre, eller tru dei er som oss. Det er da forskjell på folk, og det er vi som er slitarane. Og til lørdag er det dobbeltpott, mega-giga-sjanse til å vinne og tenk om vi vann. Håvard Rast Blok, 1998
|